Det er med ein viss motvilje eg har registrert meg på Fjesboka! Eg har i fleire år stått imot Facebook-presset og sett på aktiviteten der som ein stor tidstjuv. Eg har ansvar for over 200 pc-ar i arbeidet og sit stort sett ”heile dagen” ved PC-en, så eg har meint at det får jammen halde, om eg ikkje i tillegg skal sitje å lese om alt og alle på Facebook og stresse med å halde min eigen profil oppdatert. Men no er eg her, så får vi sjå. Men det blir nok neppe så mykje aktivitet og oppdatert info frå meg å finne her….
We’ve updated our privacy policy so that we are compliant with changing global privacy regulations and to provide you with insight into the limited ways in which we use your data.
You can read the details below. By accepting, you agree to the updated privacy policy.