Veiledning til kahoot om omvendt undervisningiktplanDenne kan brukes som støtte når dere gjennomfører kahooten og skal diskutere resultatene som kommer underveis.
Veiledning til kahoot om omvendt undervisningiktplanDenne kan brukes som støtte når dere gjennomfører kahooten og skal diskutere resultatene som kommer underveis.
2. www.iktsenteret.no
Eg skal sende
ein e-post.
Er du høfleg?Har du brukt
slang?
Har du brukt
stavekontroll?
Sikker på at du har
rett e-post-adresse?
Har du ei god
emnelinje?
Kjem det tidleg fram
kva slags handling
du ønskjer?
Er alle vedlegg
lagt med?
SEND!
Ja
Nei
Nei
Ja
Ja
Nei
Nei
Nei
Ja
Ja
Nei
Nei
Ja
Ja
Vis at du bryr
deg gjennom å
skrive eit
korrekt språk
Hugs at du ikkje
veit kven som kan
lese e-posten -
sørg for eit
passande ordval.
Å sende ein
e-post med
skrivefeil viser
at du ikkjebryr
deg.
Kontroller, slik
at du ikkje
sender til andre.
Skriv i emnelinja
kva e-posten
handlar om – då får
eit raskt overblikk.
Skriv tidleg om du
ønskjer svar, om du
ønskjer dei skal
lese gjennom osb?
Sjå til at du legg
ved alle og dei
rette vedlegga
før du sender.
3. www.iktsenteret.no
Tenk over
Å sende e-post kan vere ein effektiv måte å kommunisere på, og ein skulle tru
det var ein kunst alle meistra, men ein kan gjere mange feil.
Ei utfordring er at mottakaren ikkje kan halde seg til anna enn det skrivne ord;
ein ser ikkje kroppsspråk, høyrer ikkje intonasjon (korleis du vektlegg orda). Det
kan derfor vere vanskeleg å skrive ting som er meint å vere morosame, spøk,
ironi osb. Når ein sender lynmeldingar/SMS, bruker ein ofte emoticon (smilefjes)
av ulikt slag for å visualisere eit slags kroppsspråk, men det er ikkje like vanleg å
gjere dette i e-post – e-post er på ein måte litt meir formelt.
Ei anna utfordring er vedlegg; dei fleste e-postklientar har ei grense for kor store
vedlegg som kan sendast i eposten. Uansett er det ein god vane å komprimere
vedlegg; enten at ein gjer om dokument til pdf og reduserer
biletfiler/videoar(sender gif/png/jpg framfor bmp er eit døme) – eller du kan
vurdere å berre sende lenke til nettside der du har lasta opp video, bilete eller
andre filer du deler.
Brannmurar og spamfilter kan gjere at meldinga di enten blir avvist eller hamnar
som spam med enkelte typar vedlegg – dette bør du sjekke opp. Sjekk også ditt
eige spamfilter med jamne mellomrom(seriøse e-postar kan faktisk hamne der).
4. www.iktsenteret.no
Gode tips til å skrive epost
Skriv enkelt
Bruk få og enkle ord, unngå sarkasme, ironi, metaforar, obskure referansar og
“morostoff” – pass på at teksten ikkje blir misforstått. Altså; ikkje ver veldig
kreativ – mindre sjanse for at mottakaren blir forvirra eller fornærma.
Lytt til magefølelsen
Viss det du skriv ikkje følast heilt rett – lytt til følelsen. Når du først trykker
send,
er det som regel ingen veg tilbake (viss du ikkje har lagt inn forseinking som
standard). Tenk deg om før du sender…
Spør “kvifor»
Før du sender e-post; spør deg sjølv om kvifor du sender han – eller endå
betre;
spør kva mottakaren vil få ut av han. Vil eposten informere, more eller
forsikre? Viss du ikkje kan tenkje på ein einaste fordel, skal du sannsynlegvis
ikkje sende han.
Skriv ei god emnelinje
Det er ikkje så kjekt når alle epostar startar med “hei” i emnelinja – skriv kva
det gjeld i staden, og sørg for at emnelinja står med RE og/eller SV når du
svarer, då er det lettare å halde diskusjonstråden
5. www.iktsenteret.no
Andre ting å tenke på
Kva om du har sendt ein e-post du ikkje burde
• Sei unnskyld viss nokon gir uttrykk for at du har sendt noko upassande –
forklar at du meinte å vere morosam/sarkastisk/ironisk, og at det var ein dårleg
ide.
• Sei ingenting viss ein ikkje reagerer verbalt – la det gå over av seg sjølv, men
pass på kva du sender i framtida.
E-postadressa di kan ha noko å seie - det er ikkje sikkert du blir tatt så seriøst om e-
postadressa di startar med «sexygirl», «blondbabe», «hotlips», «festløven» eller andre
«artige» namn.
E-postadressa di bør også vere lett å skrive for andre og å fortelje over telefon (har du
bokstavar som liknar kvarandre, bør du lære deg å seie ting som ”f som i fredrik” med
ein gong).
Sjå til at e-posten viser kven du er, og lag gjerne ein eigen mal for epostar (du kan
lage fleire, avhengig av bruk, t.d. ein i jobbsamanheng og ein privat) – legg gjerne inn
tlf.nr, gateadresse, nettadresse osv.
Ikkje send sensitiv informasjon i e-post – gi aldri opp pinkodar osb.
6. www.iktsenteret.no
Andre ting å tenke på
Første e-post til folk du ikkje kjenner eller første e-post i
ein dialog:
Første e-post du sender,bør innehalde følgjande punkt (gjeld for
så vidt også brev, fax og SMS):
• Skriv kort – men presist (spørsmåla må ikkje kunne
misforståast)
• Skriv når du ønskjer svar
• Skriv under (lag ev. ei eiga digitale underskrift)
• Stiller du spørsmål, så pass på at
• det går fram kven du er
• kvifor du har sendt desse spørsmåla
• kven svara skal sendast til
• korleis du kan kontaktast (e-postadresse,tlf.nr osv.)